Pris til Skrivesenter

Akademisk skrivesenter ved Det humanistiske fakultet (HF) får årets Uglepris, som er Universitetet i Bergens interne pris for utdanningskvalitet. Prisen blir delt ut av utdanningsutvalget til fagmiljø som kan dokumentera særlig vellukka tiltak for studiekvalitet.

Birger Solheim leiar senteret og er førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier. Han trur senteret får Ugleprisen fordi det styrkar kvaliteten på studiene ved HF, ved å etterkoma krava studentar har i ein skriveprosess.

–  Studentane vert tekne på alvor. Det er forskjellige behov når det gjeld skriving, og er ikkje noko som kan gjerast maskinmessig. Vi kan hjelpa individuelt, med akkurat det den enkelte student strevar med, seier Solheim. 

skrivesenter

You may also like...

Legg igjen en kommentar